Rein frå Jotunheimen:
ei gave av ei råvare

Tamrein kalv og simle ein fin sommardag. Kalven ser mot kameraet.
Reinlav, røsslyng og blåbærlyng. Foto: Jan Stokstad

Smakfull. Unik. Raus. Rein frå Jotunheimen er ei naturgjeven gave av ei råvare du ikkje finn paret ved nokon annan plass i verda.

Reinkalv i fart med fin duskmyrull i forgrunn.

Rein frå Jotunheimen er ei helsing til deg frå fjella i hjartet av Norge. Ei helsing som ber bod om det beste naturen har å by på. Ei helsing frå eit dyr som lever i harmoni med naturen. Ei helsing frå ein nøkkelart som haustar av den unike og næringsrike fjellfloraen i Jotunheimen – og som sjølv gjev raust attende til oss alle i form av smakfullt og næringsrikt kjøt, innmat, skinn og gevir.

Ei kulinarisk gave

Med rein frå Jotunheimen på menyen, får du også ein smak av Jotunheimen. Ekte og reine smakar, der det rike og unike fjellbeitet har sett sitt preg på kjøtet, og gjort sitt til at du med enkle grep kan gjera eit måltid med den edle råvara til ei oppleving utan like for smakslaukane til deg og gjestane dine.

Rein frå Jotunheimen beiter frå dei djupaste dalane til dei høgste toppane. På den måten har reinen alltid tilgang til ferskt beite – uansett årstid.

Under kyndig tilsyn og hjelp frå erfarne reinsgjetarar, som held ein godt over hundre år gamal tradisjon i hevd ved å ta vare på ein av dei viktigaste artene i økosystemet, finn dyra sjølve fram til det beste og mest næringsrike beitet heile året.

Dette gjer sitt til at reinsdyra våre ikkje har behov for tilleggsfôr som til dømes kraftfôr, noko som også bidreg til den reine og unike smaken. Ein smak du ikkje får av nokor anna råvare enn nettopp rein frå Jotunheimen.

Ei så særprega og unik råvare som dette, blir best når du handterer den med respekt – utan for mange kulinariske krumspring. Huks at smaken på reinsdyrkjøtt frå Jotunheimen er den same unike i dag som da dei fyrste reinsflokkane kom vandrande for fleire tusen år attende i tid. Hvis du har dette med deg i tankar, ord og gjerningar når du tilbereder råvara, kan vi love deg det beste utgangspunktet for eit måltid som du seint vil gløyme.

«Rein frå Jotunheimen beiter frå dei djupaste dalane til dei høgste toppane. På den måten har reinen alltid tilgang til ferskt beite – uansett årstid.»

Ei råvare som gjer godt

Rein frå Jotunheimen smakar godt. Og ikkje minst: rein frå Jotunheimen gjer godt.

Reinen set knapt nok spor etter seg der den går. Men den set likevel varige spor etter seg på fleire andre måtar. Til dømes ved å skape grobotn for andre beitedyr og halde vedlike mangfaldet i naturen. Og ikkje minst: ved å gjera godt for den som nyttar seg av råvara.

Reinskjøt er ikkje klassifisert som raudt kjøt, og er inneheld like mykje av dei sunne Omega 3-feittsyrene som mager fisk.

Kjøtet har aminosyrene som mennesket treng, er rikt på antioksidantar og mange av næringsstoffa som vi alle treng for å halde oss sunne og friske. Mykje takka vera den unike fjellfloraen som reinsdyra finn på vandringane frå beite til beite i Jotunheimen.

Mykje tyder på at reinen vår har det godt også. Slaktevekta er i snitt nemleg den høgste i heile Norge.

Alt blir nytta

Men for at råvara skal gjera godt, må den også forvaltast godt og foredlast på beste vis. Med respekt for natur og tradisjonar gjer vi vårt beste for å nytte så mykje av rein som råvare som mogleg.

Kjøtt, innmat og bein blir til mangt eit fenomenalt måltid. Skinn og gevir blir nytta til til blant anna bærekraftige turklede.

Saman med utvalde samarbeidspartnerar jobbar vi heile tida for å hauste med respekt for råvara – på same måte som reinen sjølv har hausta med respekt for naturen gjennom livet sitt.

Arbeidet med å forvalte og foredle den unike råvara har også bidrege til at dei fire tamreinlaga som utgjer Rein frå Jotunheimen har rykka opp i eliteserien for mat. Hausten 2021 vart selskapet nemleg tildelt Beskyttet geografisk betegnelse (ekstern lenke).