Rein frå Jotunheimen er ein nasjonal matskatt. Ein kultur- og naturarv som også dei som kjem etter oss må få nyte godt av.

Rein på vinterbeite i Jotunheimen.

Reinlaga Fram, Filefjell, Vågå og Lom har fleire hundre år med kunnskap om korleis ein skal ta vare på reinsarven og naturen for etterkomarane våre. Nå har drivandes gode gjetarar gått saman som Rein Frå Jotunheimen om å føre den naturgjevne arven viare. Dette har også gjeve Rein frå Jotunheimen utmerkinga Beskyttet geografisk betegnelse.

LES MEIR OM REIN FRÅ JOTUNHEIMEN

Treskei med reinlavtopping.

Frå jeger til gjetar

200 år med reindrift i Jotunheimen og Filefjell har no hamna mellom to permar. For fyrste gong er historia om reinen, gjetarlivet og den samiske påverknaden skrive ned i sin heilskap. Forfattar Kjell Bitustøyl har jobba i år med å pusle saman biter av opplevingane på fjellet. Dei fire sørlegaste reindriftslaga i Noreg, Lom Tamreinlag, Vågå Tamreinlag, Fram Reinlag og Filefjell Reinlag, produserer nest mest reinskjøt etter reingjetarane i Finnmark. Dei har vunne priser for produkta sine og blitt kjend over heile Noreg gjennom TV-skjermen. 

Bok «Frå jeger til gjetar». Historia om reindrifta i Jotunheimen og Filefjell. Av Kjell Bitustøyl.

Ønskjer du å kjøpe boka?

Prisen på boka er 400 kr + porto
Send oss ein e-post for bestilling

Beskyttet geografisk betegnelse.

Rein Frå Jotunheimen er den fyrste produsenten av reinsdyrkjøtt som har fått kvalitetsstempelet Beskyttet geografisk betegnelse. Merket er din garanti for at du får ei heilt unik smaksoppleving, der den ypparlege råvara er forvalta med kunnskap og tradisjonar.

LES MEIR OM MERKEORDNINGA

Med rein frå Jotunheimen på menyen, får du også ein smak av Jotunheimen. Ekte, reine smakar, der det rike og unike fjellbeitet har sett sitt preg på det magre og næringsrike kjøttet, og gjort sitt til at du med enkle grep kan gjera eit måltid med den edle råvara til ein fest for smakslaukane til deg og gjestane dine.

LES MEIR OM REIN SOM RÅVARE

Reinslakting

Filefjell reinlag, Vågå tamreinlag og Lom tamreinlag gjennomfører så sant vær og føre tillet det reinsslakting både om hausten og før jul. Filefjell reinlag slaktar om vinteren. Hos alle reinlaga er det mogleg å kjøpe reinskjøt og innmat frå slakteplassane




(køyrebeskrivelse)

Glade rein på sommerbeite.
Tre rein på beite i fjellet.

Rein frå Jotunheimen beiter frå djupaste dal til høgste topp, der berggrunn og planter er ekstra næringsrike. Dette gjer sitt til at reinskjøtt frå Jotunheimen er noko av det sunnaste du kan servere til deg og gjestane dine.

Med respekt for den nøysomme arten som reinen er, og ikkje minst med respekt for naturen, jobbar vi for å nytte heile dyret. Alt av det smakfulle og næringsrike kjøtet blir nytta. Innmat som til dømes hjarta og tunge er delikatesser som også blir teke vare på. Skinn blir til vakre og funksjonelle klede.

SJÅ PRODUKT AV REIN FRÅ JOTUNHEIMEN

Nærbilde av rosa fjellblomster. Stor stein og store fjell i bakgrunnen. Jotunheimen.