Beskyttet geografisk
betegnelse
Den ypperste råvara fortener den ypperste anerkjenninga. Rein Frå Jotunheimen er Norges fyrste produsent av reinsdyrkjøtt som er tildelt Beskyttet geografisk betegnelse.
Etter å ha vorte tildelt Beskyttet geografisk betegnelse, har den nasjonale matskatten rein frå Jotunheimen endeleg fått den beskyttelsen den fortener, og rykka opp i eliteserien for mat (ekstern lenke).
På høg tid, vil mange meine. For råvara er verkeleg heilt unik.
Den nydelege smaken på det utruleg næringsrike kjøttet er den same i dag som da dei fyrste dyra kom til Jotunheimen. Mykje på grunn av den rike fjellfloraen, der reinen beiter seg gjennom fjellheimen etter kvart som reinslav, lyng og andre planter veks opp etter snøsmeltinga.
Likeeins er handverket, respekten for dyra og naturen, tradisjonen med å forvalte ressursane på ein berekraftig måte, også den same for gjetarane i dag som for generasjonar sidan – noko som også er viktig for å få merket.
Det er ingen tvil om at dei få som kjem gjennom nålauga og blir tildelt Beskyttet geografisk merke har noko heilt unikt å by på. Merkeordninga gjev nemleg anerkjenning utelukkande til unike produkt som kjem frå spesifikke geografiske område, er tilverka ved hjelp av tradisjonelle metodar, og byr på autentiske smaksopplevingar.
For deg betyr kvalitetsstempelet at du er garantert ekte vare frå produsentar som har respekt for både råvare, kunnskap og tradisjonar når du vel rein frå Jotunheimen.
Beskyttet geografisk betegnelse er den einaste merkeordninga for mat og drikke som er regulert av ei eiga nasjonal forskrift i Norge.
Krava til dokumentasjon er svært strenge, noko som sikrar deg ei unik matkulturoppleving når du vel mat og drikke merka med Beskyttet geografisk betegnelse.
Det er Mattilsynet som har ansvaret for den endelege godkjenninga av dei som får merket, medan Stiftelsen Norsk Mat administrerer ordninga.