Oppskrifter

Indrefilet av rein i steikepanne med fersk krydder og kvitlauk.
Mann som skjærer speket reinskjøtt med kniv. Bål i bakgrunn.

Rein frå Jotunheimen er ei gave av ei råvare for deg som er oppteken av rein mat og unike, gode smakar du ikkje får andre stader.

Rein frå Jotunheimen er ein nasjonal matskatt og det einaste reinsdyrkjøttet som er tildelt Beskyttet geografisk betegnelse. Det er det fantastiske fjellbeitet som bidreg til det unike næringsinnhaldet og den gode smaken. Ein smak av fjellheimen som du ikkje får frå andre råvarer enn nettopp reinsdyr på Jotunheimen.

Ta godt vare på den edle råvara når du tilbereder den, og nyt måltidet saman med dei rundt deg.

Nedanfor får du oppskrifter der reinsdyrkjøtt og andre delar av dyret spelar hovedrolla. Ynskjer du fleire tips til korleis du kan tilberede reinskjøt, sjå gjerne Matprat sine nettsider. Der finn du både nyttige artiklar og svært gode oppskrifter.