Fagert og funksjonelt frå fjellet

Reindyrskinn som henger over staur, med fjell i bakgrunn.
Turpose og bukse i reinskinn. Mann sitter ved bålet og tømmer nøtter ut av skinnposen.

Skinn, turjakker og vesker. Produkt laga av rein frå Jotunheimen er både vakre, funksjonelle og berekraftige.

Frå jeger til gjetar

200 år med reindrift i Jotunheimen og Filefjell har no hamna mellom to permar. For fyrste gong er historia om reinen, gjetarlivet og den samiske påverknaden skrive ned i sin heilskap. Forfattar Kjell Bitustøyl har jobba i år med å pusle saman biter av opplevingane på fjellet. Dei fire sørlegaste reindriftslaga i Noreg, Lom Tamreinlag, Vågå Tamreinlag, Fram Reinlag og Filefjell Reinlag, produserer nest mest reinskjøt etter reingjetarane i Finnmark. Dei har vunne priser for produkta sine og blitt kjend over heile Noreg gjennom TV-skjermen. 

Bok «Frå jeger til gjetar». Historia om reindrifta i Jotunheimen og Filefjell. Av Kjell Bitustøyl.

Ønskjer du å kjøpe boka?
Send oss ein e-mail, betaling via Vipps.

Vi ynskjer å nytte mest mogleg av dyret, akkurat slik dei som var her før oss gjorde. Reinsskinn har alltid vore viktig for oss, men det er ikkje berre reinsskinn til inne- og utebruk du kjøpe frå forhandlarane våre. Vakre og funksjonelle klede til tur og fritid, vindtette vottar, og sekkar er berre litt av alt du kan kjøpe frå forhandlarane våre.

Skinnvotter fra ULU of Norway. Dame med lyst hår og boblejakke drikker varm drikke fra trekopp.

Unikt. Naturleg. Moderne. Vågå-bedrifta Ulu of Norway har heilt unike produkt laga av rein frå Jotunheimen