350 år med kunnskap og erfaring

Nærbilde av elv med rennende vann. Magisk stemning.
Røsslyng. Calluna vulgaris.

Historia om Rein Frå Jotunheimen er ei historie om ein nykkelart i naturen. Om den reinaste råvara. Om kulturarv, kunnskap og tradisjonar. Om berekraft. Om fortid – og om framtid.

Reinflokk som går i sirkel på vinterbeite.

Når vi skal fortelje historia til Rein Frå Jotunheimen, må vi mange tusen år attende i tid. Til tida der historia om sjølve reinen – urdyret i fjellheimen tok til.

For sjølv om selskapet Rein Frå Jotunheimen ikkje såg dagens ljos før hausten 2022, tok det heile til etter siste istid. Tida når den fyrste reinen kom vandrande, og beitte nøysomt på næringsrike vekster som voks opp i karrig fjellandskap der isen hadde trekt seg attende. Tida der dei fyrste kunnskapsformidlarane og jegarane, veidfolket, fylgde tett på i dei varsomme klauvspora etter reinen.

Vi skal nytte – ikkje utnytte

Veidfolket flytte seg i takt med reinsflokkane. Undervegs gjorde dei seg nyttige erfaringar som vart til viktig kunnskap om naturen der reinen beitte, og ikkje minst om korleis ein skal ta vare på både dyra, heile reinen som råvare, og naturen kring seg. Slik sett kan ein også seie at dei fyrste menneska i Norge også var berekraftpionerar.

Dette er også den viktigaste jobben som Rein Frå Jotunheimen skal gjera. Vi skal forvalte urdyr-arven på ein god måte, og ta vare på reinen som ein ressurs. Eit dyr som knapt nok set spor av seg der det går, men som set varige spor på fleire andre måtar.

Vi skal nytte mest mogleg av den fantastiske råvara som rein er. Nytte, men ikkje utnytte. Vi skal dele raust av gamal og ny kunnskap som veidmenn og reinsgjetarar i både eldre og nyare tid har opparbeidd seg.

Undervegs på reisa vår skal vi gjera det utan å setje varige spor på andre måtar enn å passe på at også dei som kjem etter oss skal ha moglegheit til å hauste av den naturgjevne råvare som rein er.

Reingjetar og hund som gjetar reinflokk i Jotunhiemen. Fint vinterver og massive fjell i bakgrunn.

Reinsgjetarane er nykkelen for å bevare nykkelarten

Til å gjera jobben har vi med oss eit godt lag med solide gjetarar frå dei fire tamreinlaga Fram Reinlag, Lom Tamreinlag, Filefjell Reinlag og Vågå Tamrein. Gjetarar som i alle år har spelt, og i alle år skal spela ei viktig rolle for at urdyret i Fjell-Norge skal ha ein plass i naturen også i framtida. Slik sett kan vi trygt seie at ein reinsgjetar er ein viktig nykkel for å ta vare på ein viktig nykkelart

Saman ber vi med oss meir enn 350 år med erfaring og kunnskap som gjetarar i tursekken vår. Og med ein fleire tusen år lang tradisjon i ryggen i tillegg, skal vi gjera vårt for å ta godt vare på ressursane for framtida.

Vi håpar du blir med oss på reisa!

Kjelde: Jon Kolden, Kjell Bitustøyl
Nærare 300 år med kunnskap og erfaring.

Reingjetar som kikar etter reinflokken med kikkert. Vinterlandskap og fjell.

Følg historia til reinen

Her kommer det tekst

Fram Rennselskap blir stifta

Lom Tamreinlag blir stifta

Vågå Tamreinlag blir stifta

Fram Renselskap blir lagt ned, men Ola Kasa overtar rein og utstyr, og stifter Fram Reinlag

Tsjernobyl-ulykka. Det største slaget på mange tiår. I tre år må alt kjøtt kasserast.

Rein frå Jotunheimen blir tildelt Beskyttet geografisk betegnelse

Rein frå Jotunheimen blir stifta