Rein frå Jotunheimen, ein kultur- og naturarv

Reinskalv som ligger på snø på fjellet i Jotunheimen.
Mogop

Rein frå Jotunheimen er ein nasjonal matskatt. Ein unik kultur- og naturarv som også dei som kjem etter oss må få lov til å nyte godt av.

Reindyr med flott gevir.

Dette er den viktigaste jobben dei fire reinlaga i området, Fram Reinlag, Filefjell Reinlag, Vågå Tamrein og Lom Tamreinlag har å gjera. Og dette er den viktigaste grunnen til at dei fire laga har gått saman om selskapet Rein frå Jotunheimen.

Vi er eit ungt selskap, men råvara som skal forvaltast og historia som skal forteljast, går fleire tusen år attende i tid.

Reindrifta i området har tradisjonar heilt attende til 1700-talet, men det har beita reinsdyr i Jotunheimen i fleire tusen år.

Saman forvaltar vi i dag vinterflokkar på godt og vel 10 000 reinsdyr.

«Saman har vi fleire hundre år med kunnskap og erfaringar om korleis vi skal ta vare på ein fleire tusen år gamal reinsarv, og ikkje minst om korleis vi skal ta vare på naturen kring oss for etterkomarane våre.»

Saman fører vi arven viare

Vi er stolte og audmjuke over å få lov til å føre den naturgjevne arven viare. Vi er takknemlege for den mangfaldige naturen som omgjev oss, for råvara vi skal forvalte, og for den rike historia som skal formidlast. Ei historie

Men det er eit stort og viktig oppdrag. Dette var også noko av grunnen til at dei fire tamreinlaga Fram, Filefjell, Vågå og Lom gjekk saman og stifta Rein Fra Jotunheimen AS i oktober 2022.

Saman har vi fleire hundre år med kunnskap og erfaringar om korleis vi skal ta vare på reinsarven og naturen kring oss for etterkomarane våre. Og saman står vi sterkare når vi skal tilpasse tamreindrifta etter dagens krav og dei endringane som skjer kring oss.

Ei unik råvare

Ein rein frå Jotunheimen er nøktern i levemåte, men raus når den gjev attende i form av nydeleg og næringsrikt kjøtt og innmat, skinn og gevir.

Reinen finn for det meste sjølv fram til dei beste beiteområda i takt med årstidene, og haustar forsiktig av den rike fjellfloraen etter kvart som lyng og lav dukkar opp frå snøen. Dei store beiteområda ligg i alt frå fjellskog til høgfjell. På den måten kan dyra nyte godt av naturleg tilgjengeleg beite – uansett om snøen ligg i tette skavlar ved foten av dei storslåtte fjella, eller fjellbjørka ber friske skot på forsommaren.

Dette er også noko av det som gjer rein frå Jotunheimen heilt unik, og til ei råvare med ein identitet og eit særpreg du ikkje finn paret ved nokon annan stad i verda.

Med god, naturleg tilgang til næringsrikt beite året rundt, er det heller ikkje behov for å fore reinen med til dømes kraftfor.

Reinare råvare skal du beint fram leite lenge etter.

Nøkternt og berekraftig

Det nøkterne levesettet er noko også gjetarane våre ynskjer å leve opp til kvar dag. Difor nyttar vi oss av verdifulle erfaringar og kunnskap som generasjonar av reinsgjetarar før oss raust har delt viare. Kunnskap om korleis vi best kan ta vare på den fantastiske fjellfloraen i Jotunheimen. Kunnskap om korleis vi best kan ta vare på reinsdyra. Og kunnskap om korleis vi kan nytte fjellbeitet best mogleg, slik at også dei som kjem etter oss kan nyte godt av alt det gode som rein frå Jotunheimen og naturen områda dyra lever i gjev oss.

Om sommaren blir reinsflokkane gjeta til fots. Om vinteren blir snøscooter brukt når ein må gjera det, men alltid med stor respekt for dyra og fjella kring oss.

Verdien av kunnskap og erfaringar

Ansvarsbevisste, dyktige gjetarar spelar ei heilt sentral rolle for å ta vare på reinsarven. Vi er stolte over at vi i fleire tiår har hatt omtrent samme stamme av gjetarar. Gjetarar som bryr som om dyra og fjellområda våre. Gjetarar som alltid er ute blant reinen – uansett vêr og vind.

Gjetinga skjer alltid på dyra og naturen sine eigne premiss. Gjennom århundre har gjetarane fått verdifull kunnskap som dei har delt viare med dei som har kome etter seg.

Verdien av kompetansen som gjetarane har i dag, er heilt avgjerande for at dyra skal ha det best mogleg – slik at også kvaliteten på kjøttet blir best mogleg. Og ikkje minst: kompetansen er viktig for sikre at dei som kjem etter oss skal få nyte godt av den unike råvara som rein frå Jotunheimen er.

Jotunheimen er eit av fjellområda i Norge som er mest besøkt av turistar. Difor er vi også heilt avhengige av at reinen er godt vande med folk, noko vi oppnår gjennom aktiv gjeting.

Ein nasjonal matskatt

Alle som har smakt rein frå Jotunheimen kan skrive under på at dette er ei unik råvare med ein unik kvalitet og identitet. Den nasjonale matskatten har også fått den beskyttelsen den fortener gjennom Beskyttet geografisk betegnelse – eit kvalitetsstempel som dei færraste får.

Rein frå Jotunheimen er den fyrste produsenten av reinskjøtt i Norge som får dette kvalitetsstempelet.

Vil du også ta del i gleda over ei unik råvare?

Her kan du kjøpe produkt laga av rein frå Jotunheimen