Mat frå ei heilt unik råvare

Tamrein kalv og simle ein fin sommardag. Kalven ser mot kameraet.
Cladonia rangiferina reinlav hjortemose og hvit kariboumose

Den reinaste råvara gjev den beste og mest næringsrike maten. Reinskjøtt av rein frå Jotunheimen er heilt unik – både i smak og næringsinnhald.

Tre reinkalver og simle beiter i lyng ved et vann.

Rein frå Jotunheimen byr på heilt unike smakar du ikkje får frå andre råvarer, og er eit suverent val for både kjøkkensjef, hobbygourmet og berekraftentusiast.

Næringsrik berggrunn og smaragdgrønt brevatn gjev liv til næringsrikt fjellbeite i både frodig fjelldal og herleg høgfjell. Det nøysomme dyret beiter utelukkande på det som naturen gjev. Difor får du ein ekte smak av Jotunheimen når du vel rein frå Jotunheimen.

Reinskjøttet inneheld aminosyrene som vi alle treng, inneheld like mykje Omega 3 som mager fisk, har rikeleg av antioksidantar og næringsstoff som er så viktige for kvar og ein av oss. Ei sjelda rein, næringsrik og smakfull råvare til både kvardag og fest.

Reinskjøt er heller ikkje klassifisert som raudt kjøt.

I respekt for den nøysomme arten som reinen er, og i respekt for naturen, jobbar vi saman for å nytte heile dyret. Alt av det smakfulle kjøttet blir nytta. Difor får du kjøpt både kjøt og innmat som til dømes hjarte og tunge frå forhandlarane våre.

Reinsdyrsuppe i kopp.

Her kan du kjøpe kjøtt, hjarte og andre matprodukt av rein frå Jotunheimen