Heimelaga is med rista reinsdyrkjøtt

Den perfekte desserten for hobbygourmeten som vil glede gjestane sine med ei unik avslutning på eit unikt måltid.

Heimelaga iskrem i porselenskål.

60 min // Enkel

INGREDIENSAR (4 PORSJONAR)

  • 5 dl fløyte
  • 1 ss heilrømme
  • 1 boks kondensert mjølk
  • 50 g finstrimla reinskjøtt (det meste frå dyret passar, men unngå delar med mykje muskulatur)
  • Litt einerkvist til garnityr

SLIK GJER DU

  • Pisk fløyten til du har ein lett og luftig krem (ikkje stivpisk)
  • Vend forsiktig inn rømme og kondensert mjølk
  • Set blandinga i frysaren, og la det heile stå til du har den konsistensen du ynskjer på isen. Dette tek som regel minst fire timar. Rør av og til undervegs i fryseprosessen
  • Rist syltynne strimlar av reinsdyrkjøtt på sterk varme i ei tørr panne. Rist panna heile tida, slik at du ikkje får brentsmak på kjøttet. Avkjøl.
  • Ta fram isen litt før den skal serverast.
  • Legg opp fine porsjonar med is toppa med litt av det rista kjøtet på dei finaste dessertskålene du arva frå bestemor di
  • Pynt med litt einerkvist. Har du ikkje det tilgjengeleg, kan du fint bruke anna fint og nyttig frå naturen – som til dømes nyutsprunge bjørkeris eller blomar frå hegg

Dette er ein dessert for den viarekommande hobbykokken, eller den som er nysgjerrig på røffe og reine smakar. Heilrømme gjev eit herleg syrleg sting til fløyteisen, og det magre reinskjøttet er ein fin kontrast til den mektige isen. Om du er ekstra tøff, kan du gjerne erstatte reinskjøttet med tørka reinsdyrhjarte.

Nyt måltidet – gjerne saman med dei som betyr mest for deg.