Viltgryte med reinsdyr

Den perfekte gryteretten for myrke haustkveldar. Eller kvifor ikkje lage på førehand, og ta med som smakfullt turfylgje til fjells?

Vilgryte med reinsdyr, på blå tallerken.

60 min // Enkel

INGREDIENSAR (4 PORSJONAR)

  • 800 g reinsdyrkjøtt, gjerne steik eller flatbiff
  • 12 stk sjalottlauk
  • 200 g kantarell eller steinsopp
  • 4 solide spiseskeier klarna smør til steiking
  • 2 ss kveitemjøl
  • 4 dl kraft, gjerne kokt på bein frå rein
  • 2 solide glas raudvin – eitt til gryta og eitt til kokken
  • 6 stk einebær
  • Salt og pepar
  • Litt godt mikrogrønt frå Tyt Uttu i Skjåk til garnityr

SLIK GJER DU

  • Ta deg ein sup av det eine raudvinsglaset – berre for å sjekke om dette er noko som kan stå seg greitt saman med gryta
  • Rist soppen i ei tørr, varm steikepanne. Når soppen er steikt, har du over litt smør, salt og pepar.
  • Skjer kjøttet i passe store terningar. Drygt 2 x 2 cm store bitar er fint, men det viktigaste er at det ikkje blir for smått og at terningane er omlag like store
  • Varm ei god jernpanne, ha i klarna smør og steik kjøttet raskt til det har fått ei fin steikefarge. Pass på å ikkje ha for mykje kjøtt i panna samtidig: det skal steikast – ikkje kokast. Ha kjøttet over i ei god gryte
  • Finskjer fire av sjalottlaukane
  • Skjer gulerøtene i små terningar
  • Steik den finsnitta sjalottlauken snøgt saman med gulerøttene på middels varme saman med litt smør. Legg det over i gryta
  • Ha halvparten av soppen over i gryta saman med resten av dei heile sjalottlaukane
  • Dryss over kveitemjøl, og rør litt før du har i vin, kraft og einerbær
  • Kok opp viltgryta, og la ho deretter trekkje på svak varme i ein liten time. Nyt resten av vinglaset medan du ventar på at maten skal bli ferdig
  • Smak til med salt og pepar, og legg opp på tallerken. Pynt med resten av soppen og mikrogrønt. Server saman med gode mandelpoter og rørt tyttebærsyltetøy

Dette er ei enkel viltgryte der den reine råvara får spele hovudrolla – utan altfor mykje innblanding frå andre smakar. Gryta inneheld korkje rømme eller fløyte, og er difor litt lettare på smaken enn ein del andre viltgryter. Avslutt gjerne måltidet med ein litt mektigare dessert, til dømes heimelaga is.

Nyt måltidet – gjerne saman med dei som betyr mest for deg.