Reinsdyrfilet med pære, potet og sopp

Ein gong i blant er kun det beste godt nok. Reinsdyrfilet gjev garantert store matopplevingar og er perfekt mat å invitere gjester på!

Reinsdyrfilet med pære, sopp og saus, anrettet fin på en tallerken.

4 porsjonar

Tid: 40–60 min
Vanskelegheitsgrad: Middels

INGREDIENSAR

  • 800 g ytrefilet av reinsdyr, eventuelt indrefilet
  • 1 ts salt
  • 0,5 ts pepper
  • 2 ss smør eller olje
  • 1 ss finhakka frisk timian
  • 1 ss finhakka frisk salvie

Potet- og pæretårn:

  • 4 stk. potet
  • 4 stk. pære
  • 1 ss smør
  • 0,25 ts pepper
  • 0,5 ts salt

Saus:

  • 1 stk. sjalottlauk
  • 1 ss smør
  • 2 dl raudvin
  • 1 pose sjysaus (eller lag sjølv)

Grønnsaker:

  • 100 g frisk spinat
  • 100 g sopp
  • 6 stk. sjalottlauk
  • 0,5 ts salt
  • 0,25 ts pepper
  • 1 ss smør

SLIK GJER DU

  • Skrell poteter og skjær poteter og pærer i 1/2 cm tjukke skiver. Brun skivene i ei varm steikepanne med smør. Krydre med salt og pepper. Ta dei ut og stable annakvar skive med pære og potet til eit «pæretårn». Sett tårna i ei ildfast form.
  • Skjær forsiktig av eventuelle hinner på reinsdyrfileten. Rull fileten i urtene, krydre med salt og pepper. Brun kjøttet i ei varm steikepanne med smør til det får ei gyllen og fin farge. Legg kjøttet i forma saman med pæretårna og steik ferdig i ovnen på 125 °C i ca. 20 minutt. Steik til 60 °C for medium steikt eller 65-70 °C for medium pluss.
  • Grovhakk sjalottlauk og fres den i smør. Hell på raudvin og kok utan lokk til halv mengden. Lag elles saus etter oppskrift på sjysaus, men erstatt noko av vatnet med raudvinssky.
  • Skrell sjalottlauk og skjær i fire på langs. Riv av stilkane på spinaten og skyll godt i kaldt vann. La det renne godt av seg. Rens sopp og skjær i båtar. Brun sopp og lauk i ei steikepanne med smør og vend inn spinaten mot slutten.

 Server reinsdyrfilet med potet- og pæretårn, saus og grønnsaker.