Klassisk reinsdyrsteik
Reinsdyrkjøtt er særdeles mørt og magert. Med ein fantastisk viltsmak gjev det mange gleder ved matbordet. Imponer gjestane dine med denne klassiske reinsdyrsteika.
6 porsjonar
Tid: Over 60 min
Vanskelegheitsgrad: Middels
INGREDIENSAR
- 1,5 kg reinsdyrstek, surra
- 1,5 ts salt
- 1,5 ts pepper
- 2 ss smør
- 3 stk. gulrot
- 2 stk. lauk
- 1 stk. sellerirot
- 3 dl vann
- 600 g sopp
- 12 stk. sjalottlauk
- 1 ts salt
- 0,5 ts pepper
- 2 ss smør til steiking
- 600 g rosenkål
- 150 g bacon
- 1 ss smør til steiking
- 3 dl rørt tyttebær
SLIK GJER DU
- Skrell gulrot, lauk og sellerirot, og kutt dei i grove bitar. Legg grønnsakene i ei langpanne eller ildfast form.
- Gni inn reinsdyrsteika med salt og pepper
- Brun den raskt på alle sider i ei varm steikepanne med smør.
- Legg steika over grønnsakene i langpanna, stikk inn eit steiketermometer og hell på vatn. Sett langpanna i ovn på 125 °C. Når steiketermometeret viser 60-65 °C er steiken medium steikt, og på 70 °C er den medium pluss. Reinsdyrsteika er heilt gjennomsteikt på 76 °C. Dette tek ca. 2 timer. La steika kvile i 15-20 minutter før du skjer i den.
- Skrell sjalottlauk og del sopp i båtar. Steik dette i ei steikepanne med smør og legg det i ildfast form Sett den inn i steikeovnen saman med steika.
- Kutt bacon i terningar og rens rosenkål. Kok opp vatn, tilsett salt og kok rosenkål knapt mør, ca. 4 minutt. Steik bacon sprøtt i varm panne med smør. Hell av vatnet på rosenkålen og ha dei over i panna.
- Ta av «strømpa», skjær steika i pene skiver og legg fint opp på fat saman med grønnsakene. Server gjerne med rørte tyttebær, kokte poteter og viltsaus.