Reinsdyrbiff med glaserte rotgrønnsaker
Norsk og eksotisk, reinsdyrkjøtt er noko av det mest spennande vi har av norske råvarer. Server kjøttet som ein herleg biff med vaniljesmør og rotgrønnsaker.
4 porsjonar
Tid: 20-40 min
Vanskelegheitsgrad: Middels
INGREDIENSAR:
- 800 g flatbiff av reinsdyr
- 1 ts salt
- 0,5 ts pepper
- 2 ss margarin til steiking
VANILJESMØR
- 200 g romtemperert smør
- Frø fra 0,5 stk. vaniljestong
- 2 ss finhakka frisk rosmarin
- 0,5 ts salt
- 0,5 ts kverna pepper
ROTGRØNNSAKER
- 4 stk. gulrot
- 1 stk. kålrot
- 1 stk. sellerirot
- 1 ts salt til koking
- 2 ss margarin til steiking
- 2 ss finhakka bladpersille
- 0,5 ts salt
- 0,25 ts kverna pepper
SLIK GJER DU
- Pisk saman ingrediensar til vaniljesmør i ei kjøkkenmaskin til du får eit krema og luftig smør. Set smøret til side.
- Skrell grønnsaker og kutt dei i grove bitar. Kok grønnsaksbitane så vidt møre i ein kjele med lettsalta vatn.
- Skjær kjøttet i biffar (à 200 g) og krydre med salt og pepper.
- Brun biffane i margarin på sterk varme, ca. 1 minutt på kvar side. Ettersteik på lågare varme, 1-2 minutter på kvar side. La biffane kvile 5 minutter før du serverer dei.
- Hell av kokevatnet på grønnsakene. Steik grønnsakene i ei varm steikepanne med margarin til dei får ei fin gyllen farge. Dryss over hakka bladpersille og krydre med salt og pepper.
Server møre biffar av reinflatbiff med rotgrønnsaker og vaniljesmør.